mandag 26. januar 2015

Coka cola



Cola-kalender!
Eeelskar colaprodukt, so måtte sjølvsagt lage ein kalender med det og.
Her er brukt colaserviett, decoupage, maling, blonder,blomster og bling, mine tre favoritt B'ar, limpistol, minicolaflasker og det kjempesøte colabrettet eg fekk med då eg bestilte colaflaskene :)

I kvardagen går det sakte men sikkert på fram, føler formen min er litt på stigande for tida, og kryssar fingrane for det. mamsen skal operere denne veka, og der kryssar eg ikkje berre fingrane, men alt anna som kan kryssast og!
Prøvar å gjere litt positive ting. i kveld skal vi ha fyrste møtet i den nylaga lokale scrappeklubben. Gledar meg, og håpar det blir kjekt :)
Ha ein fin tysdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar