mandag 26. januar 2015

Coka cola



Cola-kalender!
Eeelskar colaprodukt, so måtte sjølvsagt lage ein kalender med det og.
Her er brukt colaserviett, decoupage, maling, blonder,blomster og bling, mine tre favoritt B'ar, limpistol, minicolaflasker og det kjempesøte colabrettet eg fekk med då eg bestilte colaflaskene :)

I kvardagen går det sakte men sikkert på fram, føler formen min er litt på stigande for tida, og kryssar fingrane for det. mamsen skal operere denne veka, og der kryssar eg ikkje berre fingrane, men alt anna som kan kryssast og!
Prøvar å gjere litt positive ting. i kveld skal vi ha fyrste møtet i den nylaga lokale scrappeklubben. Gledar meg, og håpar det blir kjekt :)
Ha ein fin tysdag!

lørdag 10. januar 2015

Tags




Årets fyrste tags frå meg <3
Samtlige er laga med serviett som bakgrunn, ein artig vri då eg har pittelitt (les myyykje) servietta liggande her... og for deg som då tenker i isboksar... tenkt stablekasser.... ;)
Det nye året starta med ein nedtur, for mamsen fekk kreftdiagnose. Så året starta ikkje som eg hadde planlagt, men når gjer det vel det...
Får berre seie meg enig med mamsen om at livet er urettferdigt, men er ingenting vi kan gjere med, so vi lyt berre ta imot det vi får og prøve å gjere det beste utav det.
So innimellom stenger eg meg inne i mi eiga hobbyboble, kosar meg og ikkje tenker på trasige ting. Terapi!
Laurdagsklem frå meg